Doggerland

Intenst kammerspel-om ein familie og eit forlag på randa av kollaps.

I den mektige Høst-familien har forlagsverksemd vore livsgrunnlaget i generasjonar. No er det tid for eit skifte: Matriark og forleggar Myrna Høst nærmar seg pensjonsalder, og dei to barna hennar - den litterært gåverike Filip og den økonomisk orienterte Henny - posisjonerer seg begge for å ta over.

Men når Myrna kallar inn familien til strategisamling på ei isolert øy i havgapet, er det ikkje berre framtida til forlaget som skal avgjerast. I utkanten av maktkampen står …

Hardcover, 211 pages

Nynorsk language

Published 2025 by Samlaget.

Show more
ISBN:
978-82-340-1593-9
Copied ISBN!

Reviews

Mennesket - den beste språkmodellen

Eg elskar Agnes Ravatn. Kvar gong eg trur eg har taket på ho, så snor ho seg or grepet, og gjer noko uventa. Det er 2025, vi bur her no, og om det er éin person eg vil skal skrive ein roman som handlar om generasjonsskifte i forlagsbransjen, men kanskje eigentleg handlar om vår sterkt menneskelege svolt på å lage og innta historier, så er det ho.